Utstilling av arkeologiske funn i Breheimen

Noreg sitt eldste klesplagg - funnen i Breheimen nasjonalpark
Noreg sitt eldste klesplagg - funnen i Breheimen nasjonalpark, Foto: Norsk Fjellmuseum

 

Noreg sitt eldste klesplagg på veg heim...

Sidan 2006 har det vore blitt gjort ei rekke funn av arkeologiske gjenstandar og anlegg i Breheimen. Funna skuldast rask nedsmelting av gamle snøfonner. Dette er restar etter den gamle jaktkulturen i område og dateringar viser at fleire av gjenstandane er meir enn 3000 år gamle. Einskilde gjenstandar, samansetninga og omfanget har gjeve mykje ny kunnskap om kulturen her i fjella.

Etter å ha blitt vitskapleg undersøkt vart ein del gjenstandar stilt ut på Norsk Fjellmuseum i Lom i 2011. Utstillinga vart utvida i 2012 og til sommaren kan ein sjå kjortelen som vert rekna som det eldste klesplagget i landet.

Sjå elles omtale i på Fjellmuseet sine heimesider og artikkel i GD og NRK

(Publisert:22.03.2013 Sist endret:25.09.2014)