Turstien frå Storatjødni til Dalen er gjenopna

Foto: Liv Byrkjeland - SNO
Foto: Liv Byrkjeland - SNO


 

Sommaren 2012 vart stien mellom Storatjødni og Dalen i Mørkridsdalen landskapsvernområde gjenopna. Arbeidet med stien kom i stand etter oppfordring frå grunneigarane, kommunen og Statens naturoppsyn (SNO) i samarbeid med DNT Oslo og Omegn Turistforening. Breheimen nasjonalparkstyre har gjeve løyve til tiltaket etter verneforskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområde.

 

Heile traseen vart først merka med merkeband av ein grunneigar, før dugnadsgjengen på fire frå DNT Oslo og Omegn Turistforening rydda traseen for kratt og skog, og merka stien.

Stien vart etablert for mange år sidan, i samband med at brua over elva ved Dalen vart øydelagd. Då måtte folk og dyr gå framover Mørkridsdalen på vestsida av elva frå Tjødnaholet. Stien er innteikna på turkart, men han har etter kvart vorte vanskeleg å finne i terrenget på grunn av at merkinga dels har vorte vekke. Tidlegare gjekk det beitedyr i området som heldt stien open.

Det er stadig auka fokus på natur- og kulturverdiane i Mørkridsdalen. Etter at stien no er gjenopna, ligg forholda godt tilrette for ein flott rundtur i området Storatjørni - Dalen - Dulsete.

 


Stølen Dalen i Mørkridsdalen.
Stølen Dalen i Mørkridsdalen. (Foto: Liv Byrkjeland-SNO) 
 

Gamal sti.
Gamal sti. (Foto: Liv Byrkjeland - SNO)
 

Vestsida i Mørkridsdalen_Gjenopning av sti
Vestsida i Mørkridsdalen. (Foto: Liv Byrkjeland - SNO)
 

Dugnadsgjeng - DNT Oslo og Omegn turistforening.
Dugnadsgjengen frå DNT Oslo og Omegn Turistforening. (Foto: Liv Byrkjeland - SNO) 
 

Eldrid Nedrelo (Publisert:11.09.2012 Sist endret:25.09.2014)