Tildelingar til Breheimen nasjonalparkstyre i 2012

Mysubytta
Mysubytta, Foto: Liv Byrkjeland - SNO

 

Nasjonalparkstyret vart tildelt midlar til blant anna tiltak i 2012 i starten av mars.

578 000,- vart tildelt dei sju høgast prioriterte prosjekta som det vart søkt om midlar til av nasjonalparkstyret gjennom bestillingsdialogen. Her er midlar til eit større vedlikehald av Smithbua, oppsetting av vegbommar, vedlikehald av stien ved Sandåre, skjøtsel i Mørkridsdalen og vedlikehald av buføringsvegen i Mørkridsdalen.

I tillegg vart styret tildel 250 000,- som tiltaksmidlar som ikkje er knytt opp mot konkret prosjekt. Styret må handsame bruken av desse midlane.

Magnus Snøtun (Publisert:16.06.2012 Sist endret:25.09.2014)