Tildeling av midlar frå Breheimen utviklingsfond
Vangsen mot Spørteggbreen, Foto: Liv Byrkjeland - SNO
På styremøte den 10.november på Skjolden, gjorde Breheimen nasjonalparkstyre sine første tildelingar av midlar frå Breheimen utviklingsfond. Kring 1 million kroner vart fordlet på ulike prosjekt i dei tre kommunane.
Breheimen utviklingsfond vart oppretta i samband med vernevedtaket av Breheimen nasjonalpark og tilgrensande verneområde. Fondet er på 4 millionar kroner og skal nyttast til naturbasert reiseliv.
På styremøte den 10.november på Skjolden, gjorde Breheimen nasjonalparkstyre sine første tildelingar av midlar frå Breheimen utviklingsfond. Kring 1 million kroner vart fordelt på ulike prosjekt i dei tre kommunane. Desse prosjekta fekk tildelt midlar:
Søkjar
|
Prosjekt
|
Tilsagn
|
Breheimsenteret
|
Mellombels anlegg for Breheimsenteret.
|
100 000,-
|
Breheimsenteret
|
Forprosjekt for aktivitetspark ved Breheimsenteret.
|
50 000,-
|
Jostedal Bygdelag
|
Ny open hytte på Geisdalshalsane.
|
210 000,-
|
Jostedal Bygdelag
|
Betre system for dotømming på Styggevasshytta.
|
40 000,-
|
Bolstad og Heltne Sameige
|
Forprosjekt for kulturlandskapssenter i Mørkridsdalen
|
-
|
Norsk Fjellmuseum
|
Etablering av informasjonspunkt på Dønfoss
|
200 000,-
|
Skjåk Almenning
|
Ny landbruksvegbru over Sotgrove ved Sota
|
40 000,-
|
Skjåk Almenning
|
Ny hengebru over Tundra elv
|
25 000,-
|
Skjåk kommune
|
Merking av stiar
|
20 000,-
|
Skjåk kommune
|
Ny turbrosjyre – nytt turkart – div. profileringstilbod
|
150 000,-
|
Skjåkprosjektet
|
Geologisk informasjonspunkt
|
125 000,-
|
Det nye styret vil sette ein ny søknadsfrist for tildelingar frå fondet, truleg ein gong i 2012.
(Publisert:18.12.2011 Sist endret:25.09.2014)