Stølsdrift på Fossen i Mørkridsdalen

Budeia på Fossen i Mørkridsdalen.
Budeia på Fossen i Mørkridsdalen., Foto: SNO - Liv Byrkjeland


Heilt inst i Mørkridsdalen, etter to timars gange frå parkeringsplassen på Hødnavollen, kjem du til den vesle stølen Fossen. Dei to siste somrane har det vore aktiv støling på gamlemåten her med ysting av kvitost og kinning av smør.

I fjor var det geiter som beita på Fossen, og i år var det tre kyr. Arbeidet på stølen vert gjort av budeier. Det er ei oppleving å kome hit, som ei tidsreise på 100 år. I 2014 var det stølsdrift i juni og juli.

Prosjektet med støling er i oppstartsfasen og vil bli oppgradert til neste år. Dei to første åra har vore prøveår seier grunneigar Andreas Wiese. Det har vore mange søkarar til budeiejobben, og dei kom att i år dei som var her i fjor.  Buføringa har gått greitt etter den nyrestaurerte buforvegen.

Ost på Fossen.
Kvitost som er laga på Fossen.                                                                               Foto: SNO - Liv Byrkjeland

 

Kyr på Fossen i Mørkridsdalen.

Dei tre kyrne er av gamal rase. Jersey ku til venstre og dei to andre er vestlands fjordfe. 
Foto: SNO - Liv  Byrkjeland

Tekst og foto: SNO - Liv Byrkjeland. 

(Publisert:21.09.2014 Sist endret:25.09.2014)