Steinarbeid på stien mellom Vigdalen og Dalsdalen

Ny steinklopp i Dalsdalen mot Vigdalen
Ny steinklopp i Dalsdalen mot Vigdalen, Foto: Magnus Snøtun


 

Drening, trinn og klopp i stein opp frå Kilen i DalsdalenVinteren 2012 vedtok Breheimen nasjonalparkstyre å bruke noko av nasjonalparkstyret sine frie tiltaksmidlar til restaurering og opprusting av stien mellom Vigdalen og Dalsdalen. Dette er den gamle ferdselsvegen frå Jostedalen til fjorden og i dag ein populær tursti.  Arbeidet vart utført av sherpaene til Geirr Vetti.

Ei god veke arbeidde fire sherpaer med å få kontroll på vatn og gjere stien meir framkomleg. Nokre stadar vart det murt opp vangar og klopper, andre stadar stikkrenner; alt i stein som vart drege til rettes for hand. Nokre stadar vart det murt opp trinn for å kome lettare opp glatt eller blaute parti. Arbeidet vart flott utført under oppsyn frå Einar Fortun.

Det er knytt mykje tradisjon og historie til denne stien. Mange lokale har gått han med skulen eller på eiga hand, men nå kan turen tas på nytt for å sjå det flotte arbeidet som er utført.

Magnus Snøtun (Publisert:18.06.2012)