Statsministeren opna det nye Breheimsenteret
Det nye Breheimsenteret i Jostedalen, her frå opningsdagen den 24.06.13., Foto: Eldrid Nedrelo
Måndag 24. juni opna Statsminister Jens Stoltenberg det nye Breheimsenteret i Jostedalen. Det gamle nasjonalparksenteret brann ned til grunnen for snart to år sidan, og gjenreisingsarbeidet har gått i eit forrykande tempo.
Det er til stor glede for folk både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt at Breheimsenteret er bygd opp att og allereie er opna. Najsonalparksenteret har nye utstillingar med informasjon om både Breheimen nasjonalpark og Jostedalsbreen nasjonalpark.
Eit av dei nye elementa i nasjonalparkutstillinga er eit villreintablå, og det er t.d. ei interaktiv kartløysing som viser flotte utkikkspunkt i m.a. Breheimen,, illustrert med bilete. I utstillinga kan du elles sjå og lese meir om Breheimen nasjonalpark - Frå evig is til frodige stølsdalar: villreinen - høgfjellets nomade, dyrelivet i nasjonalparken, vegetasjonen i nasjonalparken - knapt noko verneområde i Norge har så stor spennvidde i naturverdiar knytt til vegetasjon som Breheimen og dei tilgrensande verneområda, geologien i nasjonalparken, flotte fotturar og førhistorisk bruk av områda.


(Publisert:26.06.2013 Sist endret:25.09.2014)