Fjerna gran i Vigdalen landskapsvernområde

Inst i Vigdalen.
Inst i Vigdalen., Foto: Magnus Snøtun


 

Sommaren 2012 har Statens Naturoppsyn (SNO) fjerna rundt 80 smågraner på begge sider av dalen mellom Vigdalsstølen og Vierøy i Vigdalen landskapsvernområde. Det var mange tre rundt Vigdalsstølen, men talet og tettleiken minka fort innover dalen. Tiltaket vart gjort for å stoppe spreiing av gran i landskapsvernområdet.

Tverrsnitt av 50 år gamal gran. Foto: Liv Byrkjeland - SNOSkogverdiane i Breheimen er marginale, og med unntak av vedhogst har det ikkje vore skogsdrift her. Planta gran finst likevel spreidd, og på sikt ønskjer ein å ta ut grana for å hindre spreiing i landskapsvernområda.  

I dette området har det likevel vore stilt spørsmål om ein skal ta vare på nokon av granene. Hans Vigdal var ein føregangsmann for "skogreisingssaka." Frå 1890-1902 dreiv han hage- og skogbruk på Vigdalsstølen og han etablerte mange granplanter i Vigdalsstøl-området. Vigdal si rolle som føregangsmann gjer at fleire ser granplantene meir som eit monument over ein av bygda sine viktigaste personar enn som ein økologisk trussel.

Unge granplanter som har spreidd seg frå dei gamle trea på Vigdalsstølen finst over eit svært stort område. Verneverdiane i Vigdalen landskapsvernområde er knytte til natur- og kulturlandskapet, og ein ønskjer å halde landskapet med fjellbjørkeskog mest mogleg ope. I første omgang fokuserer ein difor på å stoppe spreiinga av gran. 

SNO starta arbeidet med å fjerne små graner som har spreidd seg frå dei opprinnelege på Vigdalsstølen sist sommar. Det viste seg at granene var gamle, dei eldste om lag 50 år (sjå foto). Spreiinga går dermed ikkje så fort som ein skulle frykte, og skulle no vere sett mange år tilbake. 

Etter at grana vart fjerna. Foto: Liv Byrkjeland - SNO

 Før grana vart fjerna. Foto: Liv Byrkjeland - SNO

 

 

 

 

 

 

 

Før grana vart fjerna. (Foto: Liv Byrkjeland - SNO)                              Etter grana vart fjerna. (Foto: Liv Byrkjeland - SNO)

 

 

Eldrid Nedrelo (Publisert:18.10.2012 Sist endret:25.09.2014)