Slått i Mørkridsdalen 2015

Slåttekarar på Knivabakkgjerdet 2015
Slåttekarar på Knivabakkgjerdet 2015, Foto: Eldrid Nedrelo



Slåtten i Mørkridsdalen vart gjennomført av grunneigarane i veke 33 på Dulsete og veke 34 på Knivabakkgjerdet. På Knivabakkgjerdet vart det brukt 3 dagar på slåtten, og den 20.08.15 var naturforvaltar i kommunen, SNO og nasjonalparkforvaltaren med på slåttedugnad.

Breheimen nasjonalparkstyre yter midlar til slåtten. Dette er eit skjøtselstiltak i samarbeid med grunneigarane der vi ønskjer å fremje, og å ta vare på det biologiske mangfaldet i desse slåtteengene. Etter mange års opphald vart slåtten teke oppatt på Knivabakkgjerdet i 2011, og på Dulsete i 2012. Dei to slåtteengene bar då preg av attgroing.

I 2015 var våren svært sein, og vårbeitet var lenger enn normalt på Knivabakkgjerdet. Det var tilsvarande på Dulsete, der det også beita kyr i enga. Beitepresset har såleis vore høgt i begge engene, og det var difor lite gras å slå i starten av august. Statens naturoppsyn rapporterer likevel at det ser ut til å kome fleire slåtteartar inn i enga på Dulsete og at det blir fleire urter og mindre gras. Enga på Knivabakkgjerdet er urterik, og det ser ut til at det er mindre sølvbunke. Observasjonane indikerer at skjøtselstiltaka dei siste åra har hatt positiv verknad på artsmangfaldet i desse slåtteengene.

Slåttedugnad på Knivabakkgjerdet. Slåtten er viktig m.a. for å fremja artsmangfaldet i slåtteenga.
Slåttedugnad på Knivabakkgjerdet. Slåtten er viktig m.a. for å fremja artsmangfaldet i slåtteenga.
Blåklokke, blåkoll, blåknapp, markjordbær og gulaks er nokon av artane ein finn på Knivabakkgjerdet.
Blåklokke, blåkoll, blåknapp, markjordbær og
gulaks er nokon av artane ein finn på Knivabakkgjerdet.
  Høyet vert raka saman og samla i dungar.

Høyet vert raka saman og samla i dungar.
(Publisert:01.09.2015 Sist endret:07.09.2018)