Opne møte - Høyring av forvaltningsplan for verneområda i Breheimen

Marisko i Høyrokampen naturreservat.
Marisko i Høyrokampen naturreservat., Foto: Bjørn Dalen

 



Breheimen nasjonalparkstyre sende forslag til forvaltningsplan for verneområda i Breheimen på høyring 1. juli 2015 med frist for å uttale seg innan 5. oktober 2015. I samband med høyringa inviterer vi til opne møte i kommunane.

Opne møte

Breheimen nasjonalparkstyre inviterer til opne møte:

  • 16. september, kl. 1900 - 2100 - Skjåk kommune – Dønfoss grendehus
  • 17. september, kl. 1900 - 2100 - Luster kommune – Rådhuset i Gaupne
  • 24. september, kl. 1900 - 2100 - Lom kommune – Bøverdalen samfunnshus


Program for møta:

  • Orientering om høyringsprosessen ved ordførar/leiar i Breheimen nasjonalparkstyre
  • Kort orientering om innhaldet i forvaltningsplanen v/nasjonalparkforvaltarane
  • Merknader og innspel frå dei frammøtte til planarbeidet


Kontordagar

I samband med høyringa vil nasjonalparkforvaltarane ha ein open kontordag i kvar kommune slik at alle kan ha høve til å kome med synspunkt og innspel til forvaltningsplanen. Kontordagane blir haldne slik:

  • 18. september Luster kommune - Rådhuset i Gaupne
  • 18. september Skjåk kommune – Skjåk Almenning
  • 28. september Lom kommune – Norsk fjellmuseum

 

Spørsmål kan rettast til nasjonalparkforvaltarane:

Bjørn Dalen                      e-post: fmopbda@fylkesmannen.no    mobil: 977 37 221
Eldrid Nedrelo                  e-post: fmsfene@fylkesmannen.no     mobil: 907 24 490

 Vel møtt!

(Publisert:07.09.2015 Sist endret:07.09.2018)