Nytt nasjonalparkstyre på plass i Breheimen

Det nye nasjonalparkstyret er forvaltningsmyndigheit for eit svært variert og mangfaldig område.
Det nye nasjonalparkstyret er forvaltningsmyndigheit for eit svært variert og mangfaldig område., Foto: Bjørn Dalen



Det nye nasjonalparkstyret for Breheimen vart konstituert tysdag 5. april. Marit Aakre Tennø (varaordførar i Luster) vart vald til leiar, og Anne-Lise Marstein (varaordførar i Lom) vart vald til nestleiar.

Nasjonalparkstyret har til saman seks medlemar, og desse representantane er oppnemnt til å sitje i Breheimen nasjonalparkstyre dei neste fire åra:

Styremedelm Varamedlem Representerer
Marit Akre Tennø Ivar Kvalen Luster kommune
Anne-Lise Marstein Bjarne Eiolf Holø Lom kommune
Elias Sperstad Eva Therese Hyrve Bosmen Skjåk kommune
Jon Olav Kvamme Helen Hjertaas Sogn og Fjordane fylkeskommune
Torstein Lerhol Anlaug Seljevold Oppland fylkeskommune
Birgit Bilstad Jo Trygve Lyngved Skjåk Almenning

 

Leiaren, nestleiaren og Elias Sperstad utgjer det nyoppretta arbeidsutvalet i Breheimen.

Kommunane og fylkeskommunane har etter kommune- og fylkestingsvalet hausten 2015 innstilt nye representantar til nasjonalparkstyret. Det er Miljødirektoratet som har oppnemnt styret for perioden 2016-2019.

(Publisert:08.04.2016 Sist endret:07.09.2018)