Breheimen nasjonalparkstyre løyver midlar til naturbasert reiseliv

Kløvjing i Breheimen.
Kløvjing i Breheimen., Foto: Bjørn Dalen


 

Breheimen nasjonalparkstyre vedtok å løyve over 1 million kroner frå Breheimen utviklingsfond i styremøte den 14.november. Løyvinga er fordelt på 13 ulike prosjekt, og skal stimulere til naturbasert reiseliv i, og kring verneområda i kommunane Lom, Luster og Skjåk.

Breheimen utviklingsfond vart oppretta i samband med vernevedtaket av Breheimen nasjonalpark og tilgrensande verneområde. Fondet var på 4 millionar kroner og skal nyttast til naturbasert reiseliv.

I styremøtet den 14.november vedtok Breheimen nasjonalparkstyre den andre tildelinga av midlar frå Breheimen utviklingsfond. Kring 1 million kroner vart fordelt på 13 ulike prosjekt. Desse prosjekta fekk tildelt midlar:

Prosjekt Søkjar Løyving
Kulturarrangement Sota Skjåk Arrangement AS 120 000,-
Pressetur Skjåk Arrangement AS  30 000,-
Hefte fisktetur i Skjåk Skjåk kommune   75 000,-
Hefte kulturminne i Skjåk Skjåk kommune  75 000,-
Gje ut turkart Skjåk Skjåk kommune 100 000,-
Diktarsti Billingen Skjåk kommune   80 000,-
Utvikling av fjellguiding Lom og Skjåk Adventures 100 000,-
Investering til etablering av mjølkestøl
på Fossen i Mørkridsdalen
Andreas Wollnick Wiese  65 000 ,-
Rydding av skitrasear/gamle ferdavegar
i Jostedalen og Vigdalen
Fimbul Jostedal og Norgesguidene  70 000,- 
"Villreintablå" i ny utstilling
ved Breheimsenteret 
Breheimsenteret AS 150 000,-
Marknadsføring for naturbasert
reiseliv i vintersesongen
Jostedal Bygdelag  45 000,-
Delfinansiering kjøp av minibuss Bedriftsnettverk Jostedalen  75 000,-
Restaurering av nødbu ved Spørteggbreen
- Spørteggbu
Jostedal Nutleikarlag   44 000,- 


Nasjonalparkstyret vil sette ein ny søknadsfrist for løyving frå fondet, truleg ein gong i 2013.

(Publisert:17.12.2012 Sist endret:25.09.2014)