No startar arbeidet med skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

I tillegg til at vi får eit vakkert kulturlandskap, har den årlege slåtten på Knivabakkgjerdet gjort at enga husar eit rikt mangfald av artar.
I tillegg til at vi får eit vakkert kulturlandskap, har den årlege slåtten på Knivabakkgjerdet gjort at enga husar eit rikt mangfald av artar. , Foto: SNO - Liv Byrkjeland


Den 21. og 22. juni startar arbeidet med skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde. Breheimen nasjonalparkstyre har invitert grunneigarar og brukarar til orienteringsmøte på Skjolden hotel og synfaring til Berget tysdag, og til synfaring inn Mørkridsdalen onsdag.

Kulturlandskapet i Mørkridsdalen er særleg verdifullt. Det er aktiv bruk i området med mange dyr på beite og på Knivabakkgjerdet og Dulsete er det gamle slåtteenger der slåtten har vore teken oppatt dei siste åra. Den gamle almeskogen og haustingsskogen i området er også særleg verdifull. Området er elles mykje nytta i samband med undervisning, og det er eit ynda turområde.

Ulike former for kulturlandskap treng ulik skjøtsel, avhengig av den tidlegare bruken. Målet med skjøtselen i Mørkridsdalen landskapsvernområde er både å oppretthalde desse viktige leveområda for sjeldne plante- og dyreartar og svært artsrike område, samt å ta vare på stølsvollar, kulturminne og kunnskap om tradisjonelle driftsmetodar. Slik får ein vakre omgjevnader på kjøpet!

Årleg slått av enga på Knivabakkgjerdet gir vakre omgjevnader. Her frå slåtten i 2015, eit samarbeid mellom grunneigarane, kommunen, SNO og nasjonalparkstyret.
Årleg slått av enga på Knivabakkgjerdet gir vakre omgjevnader. Her frå slåtten i 2015, eit samarbeid mellom grunneigarane, kommunen, SNO og nasjonalparkstyret. Foto: Eldrid Nedrelo

 

Omsynet til grunneigarane og brukarinteressene veg tungt i arbeidet med skjøtselsplanen. Skal skjøtselsplanen bli eit godt verktøy, er vi avhengig av godt samarbeid med grunneigarar og brukarar. Skjøtselsplanen vil vere eit viktig verktøy først og fremst for områda og stølane der det er aktivitet i dag. For å lukkast med målretta skjøtselstiltak er det viktig å prioritere område/areal der grunneigarane er motiverte for å drive skjøtsel.

Breheimen nasjonalparkstyre har difor invitert grunneigarar og brukarar til orienteringsmøte og synfaringar i området den 21. og 22. juni 2016.

Nasjonalparkstyret har i samarbeid med Miljødirektoratet gitt NIBIO (Norsk Institutt For Bioøkonomi) avdeling for kulturlandskap og biologisk mangfald i oppdrag å lage utkast til skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde i 2016.

(Publisert:16.06.2016 Sist endret:07.09.2018)