No startar arbeidet med skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde

I tillegg til at vi får eit vakkert kulturlandskap, har den årlege slåtten på Knivabakkgjerdet gjort at enga husar eit rikt mangfald av artar.
I tillegg til at vi får eit vakkert kulturlandskap, har den årlege slåtten på Knivabakkgjerdet gjort at enga husar eit rikt mangfald av artar. , Foto: Bjørn Dalen


Den 4. juli startar arbeidet med skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde. Breheimen nasjonalparkstyre har invitert grunneigarar og brukarar til orienteringsmøte på Sota sæter og turisthytte, og til synfaring i landskapsvernområdet etterpå.

Kulturlandskapet i Mysubytta er særleg verdifullt. Det er aktiv bruk i området med dyr på beite, det er stølsdrift på Røykjeskålslie geiteseter, og på Mysubytta seterstul er det gamle slåtteenger. Området er aktivt brukt som turområde.

Ulike former for kulturlandskap treng ulik skjøtsel, avhengig av den tidlegare bruken. Målet med skjøtselen i Mysubytta landskapsvernområde er både å oppretthalde desse viktige leveområda for sjeldne plante- og dyreartar og svært artsrike område, samt å ta vare på stølsvollar, kulturminne og kunnskap om tradisjonelle driftsmetodar. Slik får ein vakre omgjevnader på kjøpet!

Mysubytta seterstul.
Kyr på beite gir vakre omgjevnader. Her frå Mysubytta seterstul. Foto: Øyvind Angard

 

Omsynet til grunneigarane og brukarinteressene veg tungt i arbeidet med skjøtselsplanen. Skal skjøtselsplanen bli eit godt verktøy, er vi avhengig av godt samarbeid med grunneigarar og brukarar. Skjøtselsplanen vil vere eit viktig verktøy først og fremst for områda og setrene der det er aktivitet i dag. For å lukkast med målretta skjøtselstiltak er det viktig å prioritere område/areal der grunneigarane er motiverte for å drive skjøtsel.

Breheimen nasjonalparkstyre har difor invitert grunneigarar og brukarar til orienteringsmøte og synfaringar i området den 4. juli 2016.

Nasjonalparkstyret har i samarbeid med Miljødirektoratet gitt NIBIO (Norsk Institutt For Bioøkonomi) avdeling for kulturlandskap og biologisk mangfald i oppdrag å lage utkast til skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde i 2016.

(Publisert:16.06.2016 Sist endret:07.09.2018)