Nasjonalparkutstillinga i Fjordstova på Skjolden er offisielt opna

Nasjonalparkutstillinga i Fjordstova vart opna av Ivar Kvalen, styremedlem i Breheimen nasjonalparkstyre og ordførar i Luster.
Nasjonalparkutstillinga i Fjordstova vart opna av Ivar Kvalen, styremedlem i Breheimen nasjonalparkstyre og ordførar i Luster., Foto: Eldrid Nedrelo



Laurdag 25. mai vart nasjonalparkutstillinga for Breheimen i Fjordstova på Skjolden offisielt opna under Skjoldendagane. Nestleiar i Breheimen nasjonalparkstyre og ordførar i Luster, Ivar Kvalen, opna utstillinga.

Utstillinga har ein innhaldsrik og svært interessant film om tidlegare bruk av området, mange forteljande og flotte bilete, mykje  informasjon om dei flotte og særeigne naturverdiane og dei kulturhistoriske verdiane i Mørkridsdalen og i Breheimen.

I utstillinga kan du m.a. sjå og lese meir om:

  • at "Mørkridsdalen er staden der natur og kultur smeltar saman" - i utstillinga kan vi sjå korleis menneska har levd her og brukt naturressursane her gjennom mange tiår.
  • Mørkridsdalen landskapsvernområde - "den ville innfallsporten til Breheimen nasjonalpark frå fjorden"
  • urørt vassdragsnatur i Mørkridsdalen - som den flotte Mørkridselvi, Dulsetefossen, Bølifossen, Drivandefossen
  • Mørkridsdalen - Eit dramatisk landskap med store kontrastar
  • Mørkridsdalen - Eit rikt, frodig, variert og fargerikt planteliv
  • Breheimen nasjonalpark - Frå evig is til frodige stølsdalar: villreinen - Høgfjellets nomade, dyrelivet i nasjonalparken, vegetasjonen i nasjonalparken - knapt noko verneområde i Norge har så stor spennvidde i naturverdiar knytt til vegetasjon som Breheimen og dei tilgrensande verneområda, geologien i nasjonalparken, flotte fotturar og førhistorisk bruk av områda.




(Publisert:02.06.2013 Sist endret:25.09.2014)