Nasjonalparkstyret tilrår endringar i forvaltningsplanen etter høyringa

Lapprose (Rhododendron lapponicum), Ytste reset i Breheimen nasjonalpark.
Lapprose (Rhododendron lapponicum), Ytste reset i Breheimen nasjonalpark., Foto: Bjørn Dalen


Forvaltningsplan for verneområda i Breheimen var på brei høyring i perioden 1. juli - 5. oktober 2015, og det kom inn til saman 40 uttalar. Nasjonalparkstyret godkjende planen med nokre endringar etter høyringa, og sender no over si tilråding til Miljødirektoratet.

Høyringsuttalane vart samanfatta, og lagt fram for Fagleg rådgjevande utval og Administrativt kontaktutval før nasjonalparkstyret handsama planen i møte den 7. desember 2015.Nasjonalparkstyret godkjende planen med nokre endringar.

Endringane som er gjort etter høyringa gjeld mellom anna retningsliner for forvaltning og bruk for følgjande tema:

  • Kulturminne
  • Organisert ferdsel i Grottene i Dummdalen
  • Sykling
  • Ombygging og mindre utviding av bygningar
  • Tamrein
  • Stikking, vedlikehald og preparering av skiløyper


Det er også lagt til ei presisering under forvaltningsmålet i kap. 3.3 som seier at «For å sikre framtidig beitebruk er det nødvendig med ei rovviltforvaltning som gjer det mogleg å halde oppe talet på beitedyr i verneområda.»

I tillegg er vedlegg 11, 12, 14, 16, 18, 19 og 20 oppdatert med bakgrunn i nye opplysningar etter høyringa.

Nasjonalparkstyret viser til si "Tilråding til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde", og tilhøyrande dokument nedanfor. Her finn du alle dokument i saka, planforslaget med vedlegg, samandraget av høyringsuttalane med kommentarar frå nasjonalparkstyret, samt referat frå dei opne møta i kommunane og møta i Fagleg rådgjevande utval og Administrativt kontaktutval.

(Publisert:24.02.2016 Sist endret:07.09.2018)