Nasjonalparkstyret på synfaringar i Jostedalen

Mannen i Jostedalen
Mannen i Jostedalen, Foto: Eldrid Nedrelo



Breheimen nasjonalparkstyre har minst ei synfaring i Breheimen kvart år. Den 8. og 9. september såg nasjonalparkstyret på ulike utfordringar i verneområda som grensar til Jostedalen i Luster. Administrativt kontaktutval, Breheimsenteret, Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var invitert med på desse dagane.


Synfaringane starta på Gjerde ved Jostedal Hotell der vi fekk ei orientering frå Bjørnar Bjørhusdal som representerte både Jostedalen Nutleikarlag og Fimbul Jostedal/Norgesguidene. Han fortalde om restaurering av hytta på Mannen og rydding av skitrasear i grenseområda og innfallsportane til Breheimen i Jostedalen. Vidare gjekk turen inn Vanndalen, og til Mannen i Breheimen nasjonalpark der dei nemnde tiltaka er gjennomført. På Breheimsenteret fekk følgjet omvising og orientering om drifta av senteret frå Peder Kjærvik.

Nasjonalparkstyret og representantar frå administrativt kontaktutval i Breheimen og Miljødirektoratet på synfaring på Mannen.
                                                                   Synfaring til Mannen Breheimen nasjonalpark, Jostedalen. Foto: Eldrid Nedrelo


Dagen etter var det synfaring i Vigdalen, innanfor Vigdalen landskapsvernområde. Her møtte vi leiaren i Vigdalen grendelag, Willy Vigdal, og grunneigar Oddvar Vigdal. Dei fortalde om utbetring og vedlikehald av stien/driftevegen mellom Vårstølen og Forlesvåi og om ønskje om styrt beiting på Vigdalsstølen. Ein diskuterte også andre utfordringar knytte til forvaltninga av verneområdet, som spreiing av gran, ønskje om samlekve og vegtilkomst i Vigdalen, og det vart mellom anna orientert om tidlegare gjennomførde tiltak som bygging av bru over Vigdøla mellom Vigdalstølen og Breidsete, og opprusting av den gamle ferdavegen frå Kilali til Storhaug (Bispevegen).

Det var mange interessante problemstillingar som vart diskutert under synfaringane. Her frå Vigdalsstølen i Vigdalen landskapsvernområde.
Det var fleire interessante problemstillingar som vart diskutert under synfaringane. Her frå Vigdalsstølen i Vigdalen landskapsvernområde. Foto: Eldrid Nedrelo
(Publisert:23.09.2014 Sist endret:07.09.2018)