Nasjonalparkstyret på synfaring i Bøverdalen

 


Breheimen nasjonalparkstyre har minst ei synfaring i Breheimen kvart år. Hausten 2012 såg nasjonalparkstyret på ulike utfordringar i verneområda som ligg inntil Bøverdalen, ved Sognefjellshytta, i Dumdalen og i Høydalen. Styret møtte også grunneigarar frå Lom på Uppigard Sulheim.

Breheimen nasjonalparkstyre møtte på Sognefjellshytta. Her fekk styret ei orientering om behov for informasjon om verneområda ved hytta og ein diskuterte kva løysingar som er aktuelle. Nasjonarlparkstyret såg også på rundturar som kan vere aktuelle innanfor Breheimen nasjonalpark i nærområdet til Sognefjellshytta.

Turen gjekk vidare med ein stopp i innfallsporten til nasjonalparken i Dumdalen. Her såg styret på utfordringane knytte til parkering og ferdsel i grottene i området.

På Bøverton fekk nasjonalparkstyret høyre om utfordringar knytte til dei spesielle verdiane i Høyrokampen naturreservat før turen gjekk vidare til Høydalen landskapsvernområde. Der såg nasjonalparkstyret på arbeidet som er gjort med opprusting av Høydalsvegen. Styret møtte også grunneigarane ved Høydalssæter og dei fortalde om utfordringar med parkering i området. Her diskuterte ein også stenging av vegen til Bukkebotn.

Siste stopp under synfaringa var Uppigard Sulheim. Her møtte nasjonalparkstyret grunneigarar innanfor Breheimen nasjonalpark i Lom.

 Nasjonalparkstyret ser på utfordringar knytte til ferdseli i grottene i Dumdalen.
Nasjonalparkstyret ved innfallsporten til Breheimen i Dumdalen.
(Foto: Eldrid Nedrelo)

Utsyn frå Høydalssæter mot Høydalsvatnet.
Utsyn frå Høydalssæter mot Høydalsvatnet. (Foto: Eldrid Nedrelo)

Nasjonalparkstyret på synfaring ved Høydalssæter.
Nasjonalparkstyret møter grunneigarane ved Høydalssæter.
(Foto: Eldird Nedrelo)

 

 

(Publisert:06.12.2012 Sist endret:25.09.2014)