Nasjonalparkstyret har løyvd midlar til tiltak

Styving av alm i Mørkridsdalen.
Styving av alm i Mørkridsdalen., Foto: Eldrid Nedrelo




Av det innmelde behovet fekk nasjonalparkstyret i 2013 ei løyving på til saman kr. 600 000 til tiltak i verneområda i Breheimen. I tillegg fekk nasjonalparkstyret ei løyving på kr. 250 000 i "frie tiltaksmidlar".

Kvart år vert det løyvd midlar til tiltak i verneområda over statsbudsjettet. Nasjonalparkstyret melde inn behov for midlar til 17 prioriterte tiltak med totalt kr. 1 534 000 til Direktoratet for naturforvaltning i desember 2012. Tildelinga av midlar kom i mars 2013, og av det innmelde behovet fekk nasjonalparkstyret ei løyving på til saman kr. 600 000. I tillegg fekk nasjonalparkstyret ei løyving på kr. 250 000 til "frie tiltaksmidlar".

Tildelinga for prioriterte tiltak i 2013 er fordelt slik: 

  Prioritet og type tiltak Lokalisering Verneområde Løyving
1. Vidareføring av kulturlandskapsskjøtsel. Slått og styrt beiting, haustbeiteprosjekt. Restaurering av haustingsskog. Knivabakkgjerdet og stølsgjerdet på Dulsete. Mørkridsdalen landskapsvern-område 100 000
2. Restaurering utleggsbru - tilkomst til Tundradalen. Tundradalen Breheimen nasjonalpark 150 000
3. Ny farved på bilbrua inn til Bukkebotn. Bukkebotn Høydalen landskapsvern-område 50 000
4. Restvedlikehald sti til Smithbua. Lomseggen Breheimen nasjonalpark 60 000
5. Utbetre buføringsvegar, omlegging av sti til Vetlefossa,utbetring av sti til Fossen og ny bru over Nobbelvi. Mørkridsdalen Mørkridsdalen landskapsvern-område 200 000
6. Vedlikehald av bru over Måråe. Hellistuguvatn Breheimen nasjonalpark 40 000
  Sum total prioriterte midlar     600 000

 

Utover desse løyvingane har nasjonalparkstyret vedteke følgjande fordeling av dei "frie tiltaksmidlane" i Breheimen i 2013:

  Prioritet og type tiltak Lokalisering Verneområde Løyving
1. Vidareføring av tilskot til opprusting av Mysubyttvegen. Sota - Mysubytta Mysubytta landskapsvern-område 50 000
2. Vidareføring av tilskot til opprusting av Høydalsvegen. Vassenden - Høydalen Høydalen landskapsvern-område 50 000
3. Restløyving - Bru over Måråe Helistuguvassosen Breheimen nasjonalpark 10 000
4. Informasjonstiltak - 6 skiltsett x 2 plakatar Div. Div. 30 000
5. Vidareføring vedlikehald av gamal bygdeveg, tiltak innfallsport Kilen - Storhaug og Vigdalen Vigdalen landskapsvern-område 80 000
6. Rest til disposisjon for styret til uføresette tiltak     30 000
  Sum disponert     250 000


Du finn meir informasjon om saka i protokollen frå styremøtet den 3. mai, sak 40/13. 

(Publisert:16.05.2013)