Nasjonalparkstyret har godkjent forvaltningsplan for verneområda i Breheimen

Mot Ytste Leirvatnet, like aust for kommunegrensa mellom Stryn og Sjåk.
Mot Ytste Leirvatnet, like aust for kommunegrensa mellom Stryn og Sjåk., Foto: Eldrid Nedrelo


Breheimen nasjonalparkstyre hadde styremøte måndag den 7. desember, og handsaming av forvaltningsplanen var ei viktig sak i møtet. Forvaltningsplanen var på høyring i perioden 1. juli - 5. oktober, og det kom inn til saman 40 uttalar. Nasjonalparkstyret godkjende planen med nokre endringar etter høyringa. Forvaltningsplanen skal sendast til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning med det første.

Framlegg til forvaltningsplan for verneområda i Breheimen, høyringsdokument.Endringane som er gjort etter høyringa gjeld mellom anna retningsliner for forvaltning og bruk for følgjande tema:

- Kulturminne
- Organisert ferdsel i Grottene i Dummdalen
- Sykling
- Ombygging og mindre utviding av bygningar
- Tamrein
- Stikking, vedlikehald og preparering av skiløyper

Endringane er omtala i dokumentet "Forvaltningsplan for verneområda i Brheimen - Oppsummering etter høyring" i lenka nedanfor og av møteprotokollen frå det siste styremøtet (som vil bli publisert når den er godkjend).

I samband med høyringa vart det arrangert opne orienteringsmøte, eitt i kvar av kommunane: på Dønnfoss i Skjåk, i Gaupne i Luster og på Galdesand i Lom. Dagen etter desse møta hadde nasjonalparkforvaltarane opne kontordagar i kvar av kommunane. Til saman var det omlag 40 frammøtte på dei opne møta.

Høyringsuttalane er samanfatta, og vart lagt fram i møte for Fagleg rådgjevande utval og Administrativt kontaktutval i Breheimen den 26. november. Breheimen nasjonalparkstyre handsama oppsummeringa etter høyringa med tilbakemeldingane frå Fagleg rådgjevande utval sist måndag og godkjende forvaltningsplanen med nokre endringar. Forvaltningsplanen vil no bli oversendt til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning.

I lista med relaterte dokument nedanfor finn du referat frå dei opne møta i kommunane, referat frå møtet i Fagleg rådgjevande utval og oppsummeringa etter høringa av forvaltningsplanen (med kommentarar og høyringsuttalar).

(Publisert:11.12.2015 Sist endret:07.09.2018)