Over ein million til nasjonalparkutstillingar om Breheimen

Breheimsenteret i Jostedalen før brannen sommaren 2011.
Breheimsenteret i Jostedalen før brannen sommaren 2011.


 

Breheimsenteret fekk i november ei løyving på over 1 million kroner til nye utstillingar om Breheimen nasjonalpark og norsk natur frå Direktoratet for naturforvaltning. Også Norsk Fjellmuseum i Lom er tildelt midlar til oppgradering av nasjonalparkutstillinga.

Breheimsenteret brann ned til grunnen i 2011. Allereie våren 2013 vil senteret stå klart med ei ny og aktuell utstilling om naturperlene våre.

Breheimsenteret får no ei løyving på 1 075 000 kroner til nye utstillingar om Breheimen nasjonalpark og norsk natur, og for å utvikle ei felles interaktiv utstilling for alle nasjonalparkane i Norge. Løyvinga kjem frå Direktoratet for naturforvaltning.

Norsk Fjellmuseum i Lom er tildelt 220 000 kroner for oppgradering av nasjonalparkutstillinga.

Også Breheimen nasjonalparkstyre har løyvd midlar til den nye utstillinga om Breheimen nasjonalpark ved Breheimsenteret. Nasjonalparkstyret løyvde 150 000 kroner til eit "villreintablå" frå Breheimen utviklingsfond. 

Du kan lese meir om løyvinga av midlar til nasjonalparkutstillingar på heimesida til Direktoratet for naturforvaltning.

(Publisert:14.12.2012)