Miljøvernministeren la ned grunnsteinen til nye Breheimsenteret

Breheimsenteret i Jostedalen før brannen sommaren 2011.
Breheimsenteret i Jostedalen før brannen sommaren 2011.

 

Fredag 6.juli kom miljøvernminister Bård Vegard Solhjell til Jostedalen for å legge ned grunnsteinen til nye Breheimsenteret. Grunnsteinen var denne gongen eit skrin som overlevde brannen i den gamle safen i gamle Breheimsenteret. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell legg eit skrin frå gamle Breheimsenteret som brann ned sommaren 2011. I skrinet ligg bilete av blant anna det gamle Breheimsenteret. Skrinet vart lagt i ei form som vart støypt og skal seinare plasserast i sjølve grunnmuren.  

Breheimsenteret vart etablert etter eit lokalt og privat initiativ i Jostedalen. Bygget vart opna i 1993 og har vore eit fyrtårn for utviklinga av det naturbaserte reiselivstilbodet i Jostedalen. 28. juli 2011 brann bygget ned til grunnen. Dei lokale eigarane har sidan arbeidd med å få opp att nye Breheimsenteret. Grunnarbeidet starta for ein liten månad sidan og det er i dag full aktivitet med støyping av grunnmur. Grunnsteinsnedlegginga er ei markering av ministeren for heile gjenreisingsprosjektet.

Minisiteren vart også intervjua av NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis

Liv Byrkjeland frå SNO-Luster informerer ministaren om MONA-prosjektet.

Ministeren fekk også ei orientering om prosjektet "Menneske og naturarven" kor Mørkridsdalen er eit sentralt område av Liv Byrkjeland frå SNO-Luster.

I sommar er det etablert eit mellombels anlegg for å videreføre funksjonane til senteret (utanom utstillingane) og bygget er planlagt ferdig til sensongen 2013.

Breheimsenteret vart autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark i 1997 saman med Norsk Bremuseum i Fjærland og Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Stryn. Breheimsenteret har også søkt om autorisasjon som nasjonalparksenter for Breheimen nasjonalpark som vart oppretta i 2009.

Magnus Snøtun (Publisert:02.07.2012 Sist endret:25.09.2014)