Liabrua i Mørkridsdalen er gjenoppført

Den nye brua i Liane i Mørkridsdalen.
Den nye brua i Liane i Mørkridsdalen., Foto: Elias Bolstad


 

Liane ligg om lag 4,5 km frå parkeringa ved Hødnavollen i Mørkridsdalen. Den gamle brua i Liane vart øydelagd av snø og flaum. Etter mange år utan bru på staden, er Liabrua no gjenoppført. Brua er dimensjonert for storfe og hest, slik at beitemarka på vestsida av Mørkridsdalselvi vert tilgjengeleg og kan takast i bruk att.

Mørkridsdalen er vill, vakker og trolsk, med fossar, elvar, frodige lier og eit levande kulturlandskap! Med den nye Liabrua ligg alt til rette for ein flott rundtur på om lag 10 km i det ville og vakre dalføret, med utgangspunkt frå Hødnavollen i Luster. DNT Oslo og Omegn merka stien frå Knivabakkli og nordover på vestsida av Mørkridsdalselvi i 2012. 

Skjolden Grunneigarlag er eigar av brua, og det er Skjolden Bygdeservice SA som har gjort det praktiske arbeidet med å gjenreise Liabrua. Breheimen nasjonalparkstyre har løyvd midlar til tiltaket. 

Liabrua er eit blant mange tiltak som vert gjennomført i Breheimen. Tiltaka vert gjennomført  i samarbeid mellom nasjonalparkstyret, Statens naturoppsyn og lokale brukarar. Lokalt initiativ vert verdsett av forvaltningsmyndigheita, og samarbeid fører til mange og synlege frukter!

(Publisert:15.09.2014 Sist endret:25.09.2014)