Kva ønskje har lokale friluftsutøvarar for Breheimen?

Statens naturoppsyn ser til at alt er som det skal ved sjølvregistreringskassen i Vanndalen.
Statens naturoppsyn ser til at alt er som det skal ved sjølvregistreringskassen i Vanndalen., Foto: Eldrid Nedrelo

Breheimen nasjonalparkstyre vil i sommar gjennomføre ei undersøking blant folk som ferdast på tur i Breheimen. Målet med undersøkinga er å få betre oversikt over kven som brukar området, kva dei gjer, og ikkje minst kva ønskje dei har for t.d. informasjon, merking av stiar og fysisk tilrettelegging som til dømes klopplegging av blaute parti.


God forvaltning krev kunnskap, og dette vil gi nasjonalparkstyret eit betre grunnlag for å legge til rette for dei som besøker området framover.

Ved 10 stiar som fører inn i Breheimen, i Luster, Lom og Skjåk er det utplassert såkalla sjølvregistreringskassar. Utanpå kassane er det ein plakat med oppmoding til deg som er på tur i området om å fylle ut eit svarkort.

Område med kassar er Helligsuguvassosen, Sota, Mysubytta, Smitburåket, Vassenden, Dumøyen, Vanndalen, Vigdalen, Mørkridsdalen og ved Nørdstedalseter. I tillegg er det lagt ut skjema på Krossbu, Sognefjellshytta og Nørdstedalseter, og vi håpar du som ferdast i Breheimen vil ta deg tid til å gi oss tilbakemelding om kva ønskje du har om informasjon og fysisk tilrettelegging i området osv.

Statens naturoppsyn (SNO) og nasjonalparkforvaltarane vil også gjennomføre sporadiske intervju ulike stader i området.

Frå tilsvarande undersøkingar i andre nasjonalparkar som Dovrefjell og Rondane, veit vi at det er ein tendens til at lokale brukarar i mindre grad enn andre grupper fyller ut eit kort i kassane. Dette fører til at synspunkta og ønskja til lokalbefolkinga blir underrepresentert i undersøkingane. Dette ser nasjonalparkstyret som svært uheldig.

Vi treng tilbakemelding frå både norske og utanlandske turistar, og nasjonalparkstyret oppmodar særleg lokale brukarar om å fylle ut eit kort, slik at dykkar bruk og synspunkt blir ivaretekne!

Undersøkinga vil etterkvart danne grunnlag for arbeidet med ein besøksstrategi for Breheimen, dvs. ein plan for korleis nasjonalparkstyret vil legge til rette for bruk av verneområda i Breheimen, og korleis ein vil informere om områda.

(Publisert:04.07.2016 Sist endret:07.09.2018)