Kurs om restaurering av haustingsskog

Tradisjonsberar Ola Kilen risar alm i Dalsdalen
Tradisjonsberar Ola Kilen risar alm i Dalsdalen, Foto: Liv Byrkjeland - SNO


 

6. - 7. mars 2012 var det samla folk frå forvaltninga, SNO, museumsfolk, samfunnsforskarar, biologar og andre til diskutere og dele erfaringar med haustingsskog. Utgangspunktet for kurset var eit felles besøk hos Ola Kilen som framleis driv med styving slik dei har gjort lokalt i alle år. Med dette som eit utgangspunkt, vart teoretiske og erfaringsmessig forhold diskutert, før deltakarane fekk prøve ut styving/rising i Mørkridsdalen.

 

Trepleiar Steinar Vatne risar ny alm i MørkridsdalenDen gong Noreg var eit fattig land var almebark livsnødvendig for mange. Barken var eit godt fôr til dyra i vårknipa, og då svolten gnog kunne almebark blandast i flatbrødmjølet. Endå finst det bønder som brukar almebark og almelauv som medisinfôr til dyra. Denne bruken har gjort at mange almetre har vorte svært gamle og er bustad for sjeldne artar. I dag framstår desse trea som viktige biologiske kulturminne.

Statens naturoppsyn (SNO) og nasjonalparkforvaltar i Luster har sett  fokus på  denne tradisjonelle bruken av alm og korleis dette bør takast med i arbeidet med å ta vare på trea. Kurset er ein del av SNO sitt landsdekkande prosjekt om tradisjonell naturbruk kalla Mennesket og naturarven.

Rising går ut på å hogge greiner av treet (styve) på vårvinteren for å bruke barken til dyrefôr. Tidlegare var også barken brukt til menneske mat. Almebarken var tidlegare ein særs viktig ressurs for mange gardsbruk der det vaks alm. Almen var så viktig at berre eit tre kunne auke verdien på heile gardsbruket, og kunne berge både folk og fe frå sveltedøden.

Denne bruken har forma trea slik at dei har blitt gamle og grove slik at dei er bustad for mange andre plante og dyreartar. Ofte husar eit almetre fleire  sjeldne og raudelista artar. Difor er det særs viktig å ta vare på desse trea, både som ein biologisk og ein kulturhistorisk ressurs.

Kursdeltakarane fekk også prøve å rise i praksis på kurset. Både måten ein fjernar greiner på, tidspunktet for styvinga og tilstanden på treet har stor betydning.  Det er også viktig å lage nye styvingstre som kan vere bustad for påvekstorganismane når dei gamle til slutt døyr. Trea har også ein viktig opplevings- og kunnskapsverdi som brukast i  lokal verdiskaping.

(Publisert:27.04.2012 Sist endret:25.09.2014)