Høyring - Forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde

Mot Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja. Foto: Øyvind Angard - SNO
Mot Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja. Foto: Øyvind Angard - SNO


Forvaltningsplan for verneområda i Breheimen er på høyring i perioden 1. juli - 5. oktober. Alle som har interesser i områda eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med forvaltningsplanen er å gjere forvaltninga av verneområda meir framsynt for rettshavarar og brukarar. Samstundes vil planen også vere eit svært viktig verktøy for nasjonalparkstyret.

Forvaltningsplanen er ein felles plan for alle verneområda i Breheimen:

  • Breheimen nasjonalpark
  • Vigdalen landskapsvernområde
  • Mørkridsdalen landskapsvernområde
  • Strynefjellet landskapsvernområde
  • Mysubytta landskapsvernområde
  • Høydalen landskapsvernområde
  • Høyrokampen naturreservat


Gjennom verneplanarbeidet for Breheimen vart det utarbeidd ei skisse til forvaltningsplan av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Oppland. Denne skissa følgde med vernevedtaket. Breheimen nasjonalparkstyre har i samarbeid med Fagleg Rådgjevande utval sluttført arbeidet og gjort det klart før høyring.

I samband med høyringa vil det bli opne orienteringsmøte veke 38/39, eitt i kvar av kommunane:

  • Galdesand i Lom
  • Gaupne i Luster
  • Dønnfoss i Skjåk


Dagen etter desse møta vil nasjonalparkforvaltarane ha opne kontordagar i kvar av kommunane. Orienteringsmøta og kontordagane vil bli kunngjort i Sogn Avis, Gudbrandsdølen Dagningen og i Fjuken. 

Høyringsuttalane vil bli samanfatta og handsama av nasjonalparkstyret hausten 2015. Endeleg framlegg til forvaltningsplan vert deretter sendt til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning.

Har de spørsmål til forvaltningsplanen, ta kontakt med nasjonalparkforvaltarane:

Bjørn Dalen (Skjåk) - telefon 977 37 221 e-post fmopbda@fylkesmannen.no
Eldrid Nedrelo (Luster) - telefon 907 24 490 e-post fmsfene@fylkesmannen.no

 

(Publisert:01.07.2015 Sist endret:07.09.2018)