Guiding i nasjonalparkar trekker fleire turistar ut i norsk natur

Vangsen mot Spørteggbreen
Vangsen mot Spørteggbreen, Foto: Liv Byrkjeland - SNO


Det naturbaserte reiselivet i Jostedalen, resten av Luster kommune og i nabokommunane går så det susar. Dette uttalar dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag as, Steinar Bruheim til avisa Nationen måndag 2. september. I tillegg til føringsturar på Nigardsbreen, arranger Breførarlaget også vanlege fjellturar med guide inn til ulike fjellmassiv og toppar i nasjonalparkane Jotunheimen og Breheimen.

Bruheim peikar m.a. på at kundar frå heile verda prioriterer stillheit, ro og aktiv helsebringande ferie i rein natur, og at stadig fleire av turistane viser interesse for nasjonalparkane i kommunen.

Sesongen for breførarlaget i Jostedalen varer vanlegvis til siste halvdel av september. Den aukande interessa for turar med guide over breen og inn i nasjonalparkane i området, gjer at dei no vurderer å forlenge sesongen både vår og haust i åra som kjem.

Du kan lese meir om denne saka i papirutgåva av avisa Nationen måndag 2. september 2013.

 

(Publisert:02.09.2013 Sist endret:25.09.2014)