Fagleg gjennomgang av forvaltningsplan

Villrein
Villrein, Foto: P.O.Haugen

 


 

16. desember vart forvaltningsplanen for Breheimen med tilgrensande verneområde oversendt til Direktoratet for naturforvaltning for fagleg gjennomgang (andre gong).

Parallelt med utarbeiding av verneforskrifta, vart det utarbeida ei skisse til forvaltningsplan. Sjølve oppstartsmelding vart sendt ut like etter vernevedtaket hausten 2009 og tok utgangspunkt i denne skissa. I desember 2010 vart planen sendt til Direktoratet for naturforvaltning (DN) for fagleg gjennomgang. Sidan tilbakemeldinga i april i år, har det vore arbeidd med å rette opp og justere planen. Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane var ansvarleg for utarbeiding av framlegget som vart oversendt til DN og dei har også nå justert planen før 2.gong innsending.

Breheimen nasjonalparkstyre vedtok på styremøte 7/2011 å sende inn framlegget som har blitt justert av fylkesmennene. 16. desember vart forvaltningsplanen for Breheimen med tilgrensande verneområde oversendt til Direktoratet for naturforvaltning for fagleg gjennomgang (andre gong).

Forvaltningsplanen supplerer og utfyller verneforskrifta og er eit viktig vertøy for forvaltninga av verneområdet. Blant anna skal denne ligge til grunn før me kan planlegge meir detaljert med skjøtselsplanar.

Magnus Snøtun (Publisert:28.11.2011 Sist endret:25.09.2014)