Breheimen nasjonalparkstyre - Utlysing av midlar

Fjelltjøreblom
Fjelltjøreblom, Foto: Liv Byrkjeland - SNO

 

Gjennom kongeleg resolusjon den 7. august 2009 fekk verneområda i Breheimen tildelt 4 millionar kroner til eit lokalt utviklingsfond for å stimulere til naturbasert reiseliv. Breheimen nasjonalparkstyre forvaltar midlane og lyser no ut 5. søknadsrunde av Breheimen utviklingsfond. Både organisasjonar, bedrifter og einskildpersonar kan søkje om midlar.

 

Søknadene vil bli vurderte og prioriterte etter følgjande kriterium:

  • Tiltak/prosjekt skal gjennomførast i verneområdet eller vere tett knytt til verneområdet.
  • Tiltak/prosjekt skal ikkje ha negativ påverknad på verneverdiane knytt til verneområda.
  • Tiltak/prosjekt skal stimulere til naturbasert reiseliv.
  • Tiltak/prosjekt skal vere til allmenn nytte.

 

Midlar skal ikkje brukast som driftsmidlar.
Dei endelege rammene for tildeling vert bestemt av styret.

 

I søknaden må du opplyse om:

  • Namn, evt. firmanamn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-post adresse
  • Kontonummer
  • Namn på tiltaket/prosjektet
  • Nærare skildring om gjennomføring av tiltaket/prosjektet med stadfesting på kart, evt. skisser eller teikningar der det er aktuelt, opplysningar om varigheit og kontaktperson
  • Kostnadsoverslag/budsjett med skildring og spesifisering av type utgifter
  • Finansiering som dugnadsinnsats, andre offentlege tilskot, annan finansiering, eigne midlar

 


Søknader der det er lagt inn eigeninnsats vil bli prioriterte.

Ved spørsmål kontakt Bjørn Dalen, 977 37 221 eller Eldrid Nedrelo, 907 24 490

Søknaden skal sendast til:
Breheimen nasjonalparkstyre
Postboks 987
2626 Lillehammer

e-post: postmottak@fmop.no

Søknadsfristen er 13. november 2015.

Eldrid Nedrelo (Publisert:19.09.2012 Sist endret:07.09.2018)