Barnas naturoppsyn i felten i Breheimen

Ivrige skuleelevar ser på løveskiltet som er sett opp på grensa til Breheimen nasjonalpark i Vanndalen.
Ivrige skuleelevar ser på løveskiltet som er sett opp på grensa til Breheimen nasjonalpark i Vanndalen., Foto: Eldrid Nedrelo


Kva er ein nasjonalpark, kvifor har vi nasjonalparkar, kva veit vi om jerven, kvifor lever jerven der, korleis forvaltar vi denne arten? Dette er nokre av mange spørsmål skuleelevar i Luster har fått lære meir om etter at dei i haust har delteke i undervisningsopplegget "Barnas naturoppsyn".

Tysdag 8. september var i alt 50 skuleelevar frå Indre Hafslo- og Jostedalen oppvekstsenter og Gaupne skule samla til feltdag i Vanndalen i Luster. Det er Statens naturoppsyn (SNO) i samarbeid med Breheimen nasjonalparkstyre som inviterte skulane med på dette opplegget. SNO og nasjonalparkforvaltaren besøkte kvar av skulane før feltdagen for å fortelja om dei flotte verneområda våre og årets art, jerven.

Feltdagen vart lagt til Vanndalen, ein av innfallsportane til Breheimen nasjonalpark, med godt utsyn til Jostedalsbreen nasjonalpark. Her var det etablert ein camp med lavvoen til SNO, og med strålande haustver og pølser på bålpanna var det ikkje noko å sei på ramma for dagen. 

Gjennom ulike aktivitetar fekk elevane lære meir om dei flotte nasjonalparkane i heimkommunen og kvifor vi har desse nasjonalparkane, om jerv i norsk natur, om biologien, spor, koreis jerven går, jobben til SNO med bestandsovervaking og dokumentasjon av skade.

SNO og nasjonalparkforvaltarane hadde med spennande utstyr som elevane fekk sjå på, m.a. ein død jerv, dei fekk setje ulike dyrespor i ei sandkasse, dei fekk sjå på grenseboltar til å merke verneområda i teleskop, og dei fekk sjå på "løveskiltet" (grensa for Breheimen nasjonalpark) i teleskop. 


Statens naturoppsyn fortel om jerven.
Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn fortel om jerven. Foto: Liv Byrkjeland, SNO
Elevane tykte turorientering var gøy.
Elevane tykte turorientering var gøy. Foto: Liv Byrkjeland, SNO
Borna studerer ivrig løveskiltet i teleskopet.
Elevane studerer ivrig løveskiltet i teleskopet. Foto: Eldrid Nedrelo


Barnas naturoppsyn vart oppretta i 2012 i Langsua nasjonalpark. I Luster er det no andre året med gjennomføring av barnas naturoppsyn der temaet med "årets art" varierer noko frå år til år. I år var jerven valt ut til å vere "årets art". Gjennom dette undervisningsopplegget skal elevane lære gjennom å gjere, og vi får verdifull hjelp til å formidle om verneområda. Resultata frå naturstien på feltdagen i Vanndalen syner at borna er svært gode ambasadørar for dei flotte nasjonalparkane våre og årets art!

(Publisert:24.09.2015 Sist endret:07.09.2018)