Årsrapport frå SNO i Breheimen 2012

Statens naturoppsyn i Breheimen.
Statens naturoppsyn i Breheimen., Foto: Eldrid Nedrelo


 

Årsrapporten frå Statens naturoppsyn (SNO) i Breheimen 2012 er ferdig. I rapporten kan du lese om kva aktivitetar SNO har hatt innanfor verneområda det siste året.

Villreinoppsyn i Breheimen. (Foto: SNO - Liv Byrkjeland)SNO rapporterer at oppsyn under villreinjakta hatt stor prioritet, samstundes som ein også har drive med naturvegleiing, m.a. i prosjektet "Barske gleder" og ei utstilling om Breheimen på Dønnfoss i Skjåk.

I Lom er det etablert eit godt samarbeid med tamreindrifta gjennom tilsyn. Ein har også kome langt med restaureringsarbeidet på stien opp mot Smithbua, og det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid på sjølve Smithbua på Lomseggi.

I Luster har det vore stor aktivitet med informasjonsarbeid, og SNO har m.a. arrangert kurs i restaurering av gamle risingsalmar saman med Breheimen nasjonalparkstyre. SNO har elles bidrege med mange bilete til den nye nasjonalparkutstillinga om Breheimen på Fjordstova i Skjolden.

I Mørkridsdalen er skjøtsel av kulturlandskapet høgt prioritert, med t.d. slått av Knivabakkgjerdet og stølsgjerdet på Dulsete. Slått på Dulsete. (Foto: Eldrid Nedrelo)Eit viktig og omfattande vedlikehaldsarbeid på buforvegen mellom Svinatjødni og Dulsete er også sluttført. I Dalsdalen er stien utbetra frå parkeringsplassen til stølen Kilali av sherpaer frå Nepal. Dette er ein viktig innfallsport til Vigdalen landskapsvernområde.

Du kan lese meir om SNO sitt arbeid i verneområda i Årsrapporten for 2012.

 

(Publisert:10.12.2012 Sist endret:25.09.2014)