Nasjonalparkstyret løyvde midlar til 13 tiltak i verneområda

Slått på Knivabakkgjerdet.
Slått på Knivabakkgjerdet., Foto: Liv Byrkjeland - SNO


 

I 2012 er tilsaman 13 tiltak gjennomførde innanfor verneområda i Breheimen med såkalla tiltaksmidlar frå nasjonalparkstyret.

Nasjonalparkstyret søkjer om midlar til tiltak i verneområda i Breheimen gjennom Bestillingsdialogen. For 2012 søkte nasjonalparkstyret om midlar til totalt 16 prosjekt, kostnadsrekna til 1,23 millionar kroner.

Nasjonalparkstyret fekk tildelt midlar til dei sju høgst prioriterte tiltaka med ei samla ramme på 578 000 kroner frå Direktoratet for naturforvaltning. I tillegg fekk nasjonalparkstyret tildelt 250 000 kroner til tiltak som styret ønskjer å prioritere utover desse sju tiltaka.

I 2012 har Breheimen nasjonalparkstyre prioritert og løyvt midlar til følgjande tiltak i verneområda i Breheimen gjennom Bestillingsdialogen:

Tiltak med løyving frå Breheimen nasjonalparkstyre Løyving Stad
Restaurere Smithbua i Lom. 91 500  Lomsegga
Vidareføring av sått på Knivabakkgjerdet frå 2011 og
gjenopptaking av slått på Dulsete med kjøp av slåmaskin.
180 000  Mørkridsdalen 
Utbetring av stien til Smithbua og kurs i muring. 61 500  Lomsegga 
Oppføring av bom for stengning av veg i Høydalen.  25 000  Høydalen 
Oppføring av to bommar for stengning av veg innanfor
Strynefjellet landskapsvernområde.
50 000  Strynefjellet
landskapsvernområde 
Ombygging frå tralle til bru over Tundra elv for betre sikring. 10 000  Tundradalen 
Utbetring og vedlikehald av buforvegen i Mørkridsdalen
frå Svinatjødni til Dulsete. 
120 000  Mørkridsdalen 
Utbetring av sti ved Sandåi etter flaum. Viktig for beitedyr. 40 000  Rauddalen 
Opprusting av Høydalsvegen. 50 000  Høydalen
Opprusting av Mysubyttvegen.  50 000  Mysubytta
Vedlikehald av ferdavegen mellom Kilen og Storhaug. 60 000  Vigdalen 
Etablering av informasjonspunkt om Breheime -
Fjordstova i Skjolden.
70 000  Skjolden 
"Barske gleder" - Norsk Fjellmuesum.  20 000   Lom
(Publisert:11.12.2012 Sist endret:25.09.2014)