Kommunalt kartverk

     


 

Meir og meir informasjon vert tilgjengeleg gjennom digitale kart. Mykje nyttig og naudsynt informasjon finn ein i dei kommunale kartportalane.

Skjåk, Lom og Luster deltek i eit utstrakt regionalt samarbeid. Skjåk og Lom er knytt til regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen, mens Luster er knytt til Sogn regionråd. Som ei vidareføring eller som del av dette samarbeidet, er offentlege digital kart frå kommunen publisert og tilgjengelege gjennom felles kartportalar. Her finn ein mellom anna reguleringsplanar, flyfoto, grunnkart, temakart og flaum- og skredsikringstiltak i tillegg til mykje anna kartinformasjon.

Kartinformasjon om kommunane Skjåk og Lom er samla i kartportalen www.kart.regiondata.no, mens kartinformasjonen om Luster kommune er samla i kartportalen www.sognekart.no.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:26.04.2012)