Møte i fagleg rådgjevande utval

Måndag 1. desember avhaldas møte med Fagleg rådgjevande utval på Skinnarbu. På møtet deltar representantar for dei som har interesser i landskapsvernområdet. Det er sendt ut invitasjon og det er dei ulike laga, foreiningane og organisasjonane som bestemmer kven som skal representere dei.

Hovudtema på årets møte blir revisjon av forvaltningsplanen. Verneområdeforvaltaren vil gå gjennom dei vesentlegaste endringane og det blir gjeve høve til å kome med innspel. Det vil også bli orientera om revisjonsprosessen vidare.

På møtet vil det vidare bli anledning for deltakarane å diskutere andre saker, det vere seg tolking av vernereglane, dispensasjonssakar eller tiltaksarbeid.

Fagleg rådgjevande utval er ein viktig arena for kommunikasjon mellom ulike interessegrupper og verneområdestyret, og det er viktig at flest mogleg er representert.

(Publisert:12.11.2014 Sist endret:08.02.2017)