Rådgjevande utval

Ålfotbreen verneområdestyre har oppnemnt Rådgjevande utval for landskapsvernområdet. Det er eit utval samansett av brukarar, grunneigarar og næringsliv som skal komme med innspel til styret, og som styret kan bruke som høyringsorgan i ymse saker.

Utvalet er samasett slik:

Grunneigarar:
Terje Førde, Bremanger
Leidulv Solvang, Flora
Ola Jan Birkeland, Gloppen

Organisasjonar og brukarar:
Midtre Nordfjord turlag
Flora turlag
Keipen turlag
Naturvernforbundet

Næringsliv:
Sogn og Fjordane Energi
Svelgen Kraft

Utvalet har vanlegvis møte ein gong for året, på hausten når tiltaka for komande år skal planleggast og prioriterast. Det er og vanleg å gå gjennom saker, aktivitet og tiltak i det året som då går mot slutten. Møta i utvalet er ofte lagt i lag med eit møte i verneområdestyret slik at ein kan få til ein god dialog mellom utvalet og verneområdestyret.

Referat etter møta finn de nedanfor her. Der finn de og nokre av presentasjonane som vert synte i møta med sakliste og gjennomgang av saker og tiltak.

Alf Erik Røyrvik