Vedlikehald på stien til Lavesteinen

Naturoppsyn og forvaltar har i dag drive vedlikehald og synfaring på stien frå Hope til Lavesteinen.

Stieb som går frå skogsvegen ovanfor Hope og op til Lavesteinen og vidare mot Gjegnabu er ei av dei viktigaste og mest brukte rutene inn i Ålfotbrenn landskapsvernområde. Slike stiar vil oftast ha behov for litt vedlikehald. Dette kan vere fysiske tiltak på sjølve stien, rydding av vegetasjon og å friske opp merking og skilt.

Når det gjeld stien til Lavesteinen har forvaltninga eit godt samarbeid med grunneigarane i Hope og med Flora turlag der vi delar på ansvar og oppgåver i dette vedlikehaldet. 
Stien opp til Lavesteinen
Her er det no rydda vegetasjon, slik at stien både skal vere lett å finne og lett å gå, til og med om ein har ski på sekken. Men stien har framleis behov for ein del fysiske tiltak for å leie vatn vekk frå stitraseen.

Lavesteinen
Lavesteinen er eit fint utsiktspunkt og turmål! Enten for ein kort tur med Lavesteinen som mål, eller som første etappe på turen til Gjegnabu eller Gjegnen. Utsikten mot Hope og mot Hyen er veldig fin!
Utsikt mot Hope

Utsikt mot Hyen

Alf Erik Røyrvik (Publisert:20.05.2014 Sist endret:12.10.2018)