Uttak av gran ved Hyefjorden

Eit plantefelt med gran har siste dagane blitt hogd ned ved Hyefjorden.

Gran er eit innført treslag som ikkje høyrer naturleg heime på Vestlandet. Derfor er det ikkje ønskeleg å ha gran inne i verneområda våre på desse kantar. Særleg gjeld dette dei områda som er verna for å ta vare på varmekjær lauvskog. Her er ein redd for at gran vil spreie seg ved hjelp av frøspreiing og vegetativ formeiring og konkurrere vekk lauvskogen.

På ei synfaring tidlegare i sommar oppdaga vi eit felt med planta gran på vestsida av Hyefjorden. Heile fjellsida på vestsida av fjorden er teke med i Ålfotbreen landskapsvernområde på grunn av ein del førekomstar av varmekjær lauvskog og andre verneverdige planteførekomstar. Gjennom bestillingsdialogen for 2012 fekk vi midlar til fjerning av denne typen framande og uønska planter.

Granfelt ved Hyefjorden

Granfelt ved Hyefjorden 2

Som vi ser av bilda var det tilsynelatande nokre få, men ganske store grantre. Vi trudde derfor at jobben skulle vere fort gjort. Men då vi kom i land og inn i skogen såg vi at det stod mykje gran under og bak lauvskogen, som ikkje var synleg frå fjorden.

Tett granfelt under lauvskogen

Etterkvart fekk vi hogge ned all granskogen, både stort og smått. Tømmeret var av særs varierande kvalitet, og det låg utilgjengeleg til. I samråd med grunneigar fann vi derfor ut at vi skulle kviste og kappe opp tømmeret og la det bli nedbrote på naturleg vis på plassen. Det vil ta nokre år, men vi fann ut at det går greit i eit område som er nesten heilt utan ferdsel.

Rydda felt under lauvskogen

Naturoppsyn Rune Holen er fornøgd med jobben! Jobben vart utført med god hjelp av karane i Bygdeservice AS på Sandane.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.10.2012 Sist endret:12.10.2018)