Utedo i Hope

Utedo ved parkeringsplass på Bakkane i Hope, der rutene til Lavesteinen, Gjegnabu og Gjegnen startar.
Utedo ved parkeringsplass på Bakkane i Hope, der rutene til Lavesteinen, Gjegnabu og Gjegnen startar., Foto: Alf Erik Røyrvik

Ålfotbreen verneområdestyre har fått bygd ein utedo i Hope i Hyen. Utedoen er open for ålmenta og den står ved parkeringsplassen på Bakkane (der ein køyrer opp skogsvegen mot Skordalen og Nakkane).

Utedoen er først og fremst eit tilbod til folk som skal på tur til Gjegnabu, Lavesteinen, Gjegnen, Skordalen eller andre turmål i området. Men den er sjølvsagt open for alle. Den er ein enkel "biodo" som komposterer avfallet, er veldig enkel og ukomplisert i bruk og vedlikehald.

Bygget og toalettet er satt opp som eit samarbeid mellom verneområdeforvaltninga og grunneigar. Det var grunneigar som meldte inn at det var behov for dette, og turlag m.fl. støtta dette. Alle kostnader med innkjøp og bygging er dekka av verneområdestyret sine tiltaksmidlar som vart tildelt over bestillingsdialogen for 2015.

Det er Bygdeservice AS som har gjort arbeidet, og verneområdeforvaltninga er særs nøgde med jobben dei har gjort!

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.06.2015 Sist endret:12.10.2018)