Synfaring i samband med konsesjonssøknad for Bredvatn kraftverk

Verneområdeforvaltaren var med på synfaring i samband med Sogn og Fjordane Energi sin konsesjonssøknad for Bredvatn kraftverk.  

Norges vassdrags- og energidirektorat arrangerte saman med SFE synfaringa som gjekk føre seg i området mellom Åskora kraftverk i Ålfoten og Ålfotbreen. Med på synfaringa var representantar frå SFE, NVE, Bremanger kommune, lokale grunneigarar, turlaget, fylkeskommunen og Fylkesmannen.

SFE søkjer om konsesjon for å bygge ut enten Øvre Bredvatn eller Nedre Bredvatn. Begge vatna ligg utanfor grensa til Ålfotbreen landskapsvernområde og er del av eit allereie utbygd og regulert vassdrag. Men, begge desse vatna er fram til no tilnærma urørte (ikkje regulerte) og dei er synlege frå landskapsvernområdet. Eit viktig poeng på synfaringa var derfor kor mykje ei eventuell regulering av eit av desse vatna ville synast frå turstiane i landskapsvernområdet og kor stor negativ innverknad reguleringa vil ha på verneområdet.

Øvre Bredvatn

På biletet over ser vi Øvre Bredvatn. Det eine alternativet som SFE søkjer om inneberer inntak frå dette vatnet og 10 meter regulering. Det er då planlagt ein 4 meter høg dam ved utløpet som de ser omtrent midt i biletet.

Under her ser vi Nedre Bredvatn. Det andre alternativet til SFE her inntak i den borterste enden av dette vatnet og regulering på 10 meter. Her vert det ein litt lågare dam på ca 1 m. Vi kan sjå ein del av Øvre Bredvatn til høgre i biletet.

Nedre Bredvatn

Fossen på biletet under ligg like nedstraums utløpet frå Nedre Bredvatn. Slike fossar er karakteristiske for dette landskapet med vassdrag som går gjennom hylleformasjonane. Denne fossen vil verte tørrlagt dersom alternativet med inntak i Nedre Bredvatn vert utbygd. Ved inntak i Øvre Bredvatn vil tilsig til nedre sikre ei viss minstevassføring, men vesentleg mindre enn i dag.

 Foss ved Nedre Bredvatn

Siste biletet syner Store Åskoravatnet. Dette er eit regulert vatn, og denne dagen er det tappa ned omlag 7 meter. Det er omlag like mykje som reguleringshøgda SFE har søkt om for begge bredvatna, og dette biletet kan derfor illustrere korleis reguleringssona i bredvatna vil sjå ut.Store Åskoravatn

NVE driv no å handsamar konsesjonssøknaden. Dei vil etterkvart kome med ei innstilling som dei sender vidare til Olje- og energidepartementet. På sopass store kraftsaker er det dei som fattar vedtak om eventuell konsesjon.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.09.2014 Sist endret:12.10.2018)