Styremøte i verneområdestyret

Ålfotbreen verneområdestyre hadde styremøte 23.november i Florø. Der vart det mellom anna sett opp bestillingsdialog for 2016.

Gjennom bestillingsdialogen set styret opp kva tiltak dei ynskjer midlar til i 2016, og kva ein trur desse vil koste. Denne lista vert deretter sendt til Miljødirektoratet i Trondheim. Der får dei inn slike lister frå alle nasjonalparkar, landskapsvernområder og fylkesmannsembete i heile landet. Direktoratet vil deretter fordele dei midlane som kjem over statsbudsjettet til tiltak i verna natur.

Protokoll frå møtet, inkludert bestillingsdialog, finn du nedanfor her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:04.12.2015 Sist endret:12.10.2018)