Rydding av skrot og søppel i Skordalen

Sogn og Fjordane Energi og verneområdeforvaltninga har rydda opp i skrot og søppel ved inntaket i Skordalen.

SFE har eit bekkeinntak i Skordalen i Hyen. Her vert smeltevatn frå Gjengdalundsbreen ført i tunnel gjennom fjellet til X-vatn, slik at dei får nytta dette vatnet i SFE sitt anlegg i Åskora. Bekkeinntaket ligg inne i Ålfotbreen landskapsvernområde, og vart bygd lenge før verneområdet vart oppretta. På biletet under kan de sjå inntaket.

Bekkeinntak i Skordalen

I samband med dette inntaket er det og bygd ein terskel. Den skal sikre at vatnet på ei av "hyllene" ovanfor inntaket kjem ned i vassdraget ovanfor inntaket og kjem med i kraftanlegget.

Terskel i Skordalen

Etter bygginga av inntak og terskel vart det liggande att litt bygningsavfall og anna søppel. Noko av dette har og vore godt synleg frå ein av turstiane i området. Gammalt skrot i eit slikt vakkert naturområde er sjenerande og reduserer verneverdiane og naturopplevinga. Derfor har kraftselskapet og verneområdeforvaltninga saman vore på staden og rydda opp i det meste av søppelet.

Restar etter sprenging og forskaling:
Restar etter sprenging og forskaling

Søppelet vart samla i ein "BigBag" som seinare skal flygast ut av verneområdet med helikopter.

Søpla samla i BigBag

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:10.10.2014 Sist endret:12.10.2018)