Pressemelding om søppelaksjon i Ålfotbreen

Sogn og Fjordane Energi har sendt ut denne pressemeldinga:

Solidarisk opprydding i høgfjellet

Denne veka har elevar frå Nordfjord Folkehøgskule saman med Statens Naturoppsyn og SFE rydda i fjellet etter vasskraftutbygginga i Ålfoten.

 Oppryddinga gjekk føre seg i områda vest for Gjegnabu, som var utbygd på 1970-talet. Elevar og ansvarlege frå SFE og folkehøgskulen vart frakta inn og ut av området med helikopter. Vêret gjorde sitt til at berre to av tre planlagde område vart rydda opp i, men heldigvis heldt tilhøva seg så godt at vi óg fekk frakta både skrot og mannskap trygt ned frå fjellet.

-Slike store utbyggingar  etterlet seg alltid ein del skrot, men vi er opptatt av at det skal sjå ryddig ut i dei berørte områda i  etterkant. Elevane gjorde ein glimrande innsats, seier prosjektleiar Ragna Flatla Haugland.

 Prosjektet er eit spleiselag mellom SFE og Statens Naturoppsyn. Målet er å få plukka ned synleg skjemmande skrot i områda rundt og i Ålfotbreen landskapsvernområde.

 -          Elevane syns det var spennande å vere med å rydde, noko som er ei god sak i seg sjølv. Ekstra motiverande var det at SFE ga dei ei sponsorgåve til eit skuleprosjekt, der alt er øyremerka solidaritetsprosjektet deira i Nepal. Pengane går til eit sjukehus i landsbyen Okhaldhunga som skal tene ei befolkning på 300 000 menneske med berre  32 sengeplassar og tre legar, seier Tore Humstad som er rektor på Nordfjord Folkehøgskule

SFE er glade for  åfå rydda opp noko av  restane i høgfjellet. Vi ønskjer jo helst at det skal sjå bra ut etter anleggsverksemda vår, og vi har fokus på opprydding etter alle prosjekt framover, seier miljørådgjevar Vegard Fagerli.

 

Meir om solidaritetsprosjektet…

http://friluftslivskulen.no/bistand

 

Ragna Flatla Haugland, fagleiar miljø

Vegard Fagerli, miljørådgjevar

SFE Produksjon

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.09.2013 Sist endret:12.10.2018)