Parkeringsplass ved Åskora

Ny parkeringsplass ved Åskora. Her kan folk parkere bilane sine om dei skal bruke stien som går frå Åskora og oppover mot Ålfotbreen.

Tilrettelegging for friluftsliv og anna lovleg bruk av landskapsvernområdet er viktig for verneområdeforvaltninga. Mellom anna bør det vere parkeringsplassar der turfolk kan parkere utan å vere til hinder for anna trafikk, for grunneigar eller for andre brukarar.

Ved Åskora startar stien som går opp til Ålfotbreen. Her har det tidlegare vore parkert ved kraftverket eller andre stader langs vegen, men no har vi altso fått laga til ein eigen parkeringsplass for turfolk der bilane ikkje står i vegen for grunneigaren Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin aktivitet.Her er plass til 4-5 bilar.
 
Parkeringplassen er bygd i samråd med SFE og sjølve arbeidet er gjort av anleggsgartnarfirmaet Grønne Fingre i Florø. Dei har gjort ein flott jobb!

Stien startar på andre sida av vegen rett ved parekringsplassen.
Parkeringsplass ved Åskora

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.02.2014 Sist endret:12.10.2018)