Møte i Fagleg Rådgjevande utval for Ålfotbreen

Fagleg Rådgjevande utval for Ålfotbreen landskapsvernområde hadde møte fredag 27.februar på Gloppen hotell.

Utvalet er sett saman av representantar frå grunneigarane, næringslivet, interesseorganisasjonar og brukarar. Utvalet har mykje kompetanse og erfaring når det gjeld verneområdet og tilgrensande områder, og skal bidra med synspunkt og faglege råd til verneområdestyret og -forvaltninga.

På møtet vart det frå forvaltninga informert om saker som vart handsama og tiltak som vart gjennomført i 2014. So vart høyringsinnspela til forvaltningsplanen presentert. Dei tiltaka som forvaltninga har planer om å gjennomføre i 2015 vart kort presentert. Til slutt hadde vi ei runde der representantane kom med innspel til forvaltninga og forvaltningsarbeidet.

Referat frå møtet og presentasjonen som verneområdeforvaltaren synte på møte finn de under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:04.03.2015 Sist endret:12.10.2018)