Landingsløyve for helikopter

Leidulv Solvang i Flora har fått løyve til å lande med helikopter innanfor landskapsvernområdet i samband med hjortejakta, for å transportere ut kjøt. 

Det er i utgangspunktet er forbode å drive motorferdsel, herunder å lande og lette med helikopter, innanfor landskapsvernområdet. Men ein kan få dispensasjon til motorferdsel i visse tilfelle. Transport i samband med hjortejakta er eit slikt tilfelle.

Styret har handsama søknaden frå Leidulv Solvang, og har gjeve ein dispensasjon som gjeld i fire år. Det føl visse vilkår med løyvet, mellom anna å ta naudsynte omsyn til natur, vilt og folk.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:27.08.2012)