Hugs vilkåra i løyvet!

Ved alle løyver og dispensasjonar som verneområdeforvaltninga gjev, vert det lagt til nokre vilkår. Det er særs viktig at desse vilkåra vert både forstått og fulgt opp.

I Ålfotbreen vert det kvart år gjeve løyver eller dispensasjonar frå vernereglane. Mest vanleg er løyver til motorferdsel, men det kan og bli gjeve byggeløyver. I samband med desse er det vanleg å legge nokre vilkår til løyva. Vilkåra handlar ofte om å ta omsyn til naturen og andre brukarar av området. Andre vilkår vil ofte sette krav om varsling før til dømes motorferdsel tek til, og rapportering til forvaltninga i etterkant av motorferdsel eller byggearbeid.

 

Vilkåra er ein del av sjølve løyvet eller dispensasjonen som vert gjeve. Løyvet gjeld berre dersom vilkåra vert fulgt. Dersom ein bryt eit eller fleire vilkår er altso ikkje løyvet gyldig og ein risikerer at motorferdsla eller bygginga faktisk er ulovleg. Det er derfor veldig viktig at ein les og forstår vilkåra til løyva, og at ein følgjer desse!

 

Informasjon om korleis ein søkjer om løyve/dispensasjon finn du i lenka under her.


Alf Erik Røyrvik (Publisert:07.10.2015 Sist endret:12.10.2018)