Framlegg til forvaltningsplan er no ute på høyring

Framlegg til forvaltningsplan for Ålfotbreen landskapsvernområde er no ute på høyring. Alle med interesser i og rundt verneområdet kan sende inn innspel til framlegget. Høyringsfristen er 15. des.

Framlegget er lagt ut her på nettsida. Her ligg den som elektronisk verson som kan lastast ned. Dersom nokon vil ha papirversjon av planframlegget, kan dei kontakte kommunen eller verneområdeforvaltaren.

Det vil verte arrangert to bygdemøter i samband med høyringa. Desse vil finne stad:

Hyen tysdag 4. november kl 20.00 Hyen Samfunnshus
Svelgen torsdag 13. november kl 19.30 Svelgen Hotell

 

Frist for å sende inn høyringsfråsegn er 15. desember 2014.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.10.2014 Sist endret:12.10.2018)