Betre merking på ruta Hope - Lavesteinen - Gjegnabu

Flora turlag og grunneigarane i Hope har gjort utbetringar på stien frå Hope via Lavesteinen til Gjegnabu.

Denne ruta er den kortaste og enklaste ruta til Gjegnabu. Det er ei rute med mykje stigning, men som likevel er veldig fin å gå. Tidlegare har stien og ruta vore litt dårleg merka og rydda og stien har vore litt øydelagt av vatn. Dette har blitt utbetra no i sommar! No er både skilting og merking betre slik at ruta er lett å følgje. I tillegg har det blitt rydda skog og gjort ein del utbetringar på sjølve stitraseen.

Merka sti

Ruta har som sagt mykje bratt stigning, og det vil for mange vere ein litt tung tur. Men når man kjem opp på høgda får man løn for strevet! Det er ei god kjensle når man ser bort til Gjegnabu med Gjegnen i bakgrunnen.

Gjegnabu og Gjegnen

Tar man ei overnatting på Gjengnabu kan man og få oppleve ein fantastisk solnedgang.

Solnedgang på Gjegnabu

Solnedgang på Gjegnabu

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.10.2014 Sist endret:12.10.2018)