Bestillingsdialogmidlane er komne!

Statens naturoppsyn (SNO) har tildelt 130.000 kr til Ålfotbreen verneområdestyre og tiltak i landskapsvernområdet.

Den totale posten til tiltak i verneområder er redusert på statsbudsjettet frå ca 65 mill kr i 2013 til ca 55 mill kr i 2014. Tildelinga til Ålfotbreen har blitt redusert som ei følge av det. For 2014 har verneområdestyret fått 130.000 kr til sine tiltak. I tillegg har lokalt SNO fått 50.000 til opprydding av gammalt søppel og skrot etter kraftutbyggingane på 1970- og 80-talet.

Verneområdestyret i løpet av våren ha møte der dei skal fordele dei tildelte midlane mellom dei tiltaka og prosjekta som vart sett opp i bestillingsdialogen før jul. I lenka nederst på sida kan de sjå skjema over dei innmeldte tiltaka som pengane skal fordelast mellom. Midlane er som vanleg mindre enn det innmeldte behovet, so styret må føreta ei prioritering.

(Publisert:19.03.2014 Sist endret:12.10.2018)