Bestillingsdialog 2013 - tildeling

Ålfotbreen verneområdestyre har fått tildelt midlar til bestillingsdialog og tiltaksmidlar for 2013. Totalt er det tildelt 300.000 kr. Nedanfor kan du sjå meir om korleis desse midlane er fordelt.

Kvart år får Ålfotbreen landskapsvernområde og alle andre store nasjonalparkar og verneområde, tildelt midlar til tiltak i og rundt verneområdet. Dette er midlar som Miljøverndepartemenetet får over statsbudsjettet, og som Direktoratet for naturforvaltning (DN) fordeler på tiltak og verneområde.

Mesteparten av midlane vert tildela over noko vi kallar bestillingsdialogen. Då melder kvart verneområdestyre inn dei tiltak det er behov og ønske om å få gjennomføer som kjem verneområde og brukarar til gode, og kva kvar tiltak vil koste. DN kan deretter sortere og prioritere blant desse tiltaka og deler ut midlar til dei prioriterte tiltaka. I 2013 har Ålfotbreen verneområdestyre fått ein samla pott på 220.000 som styret kan fordele på dei innmeldte tiltaka. Tiltaka som styra meldte inn går på tilrettelegging og tilkomst for friluftsliv, og dessutan til fjerning av framande artar i landskapsvernområdet.
Prioritering av midlane mellom tiltaka kjem opp som sak for styret på styremøtet 19. april.

Verneområdestyret har og fått tildelt 80.000 kr i tiltaksmidlar. Dette er midlar som styret kan bruke meir eller mindre fritt. Dette er særleg aktuelt til ulike behov og tiltak som måtte dukke opp gjennom året, eller som ikkje kan få gjennom bestillingsdialogen. Desse midlane kan søkast på gjennom heile året, men ver obs på at styret ikkje har møte so ofte, og at det derfor kan ta ei tid før søknadar vert handsama.

Les meir om bestillingsdialog på denne sida.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.03.2013 Sist endret:12.10.2018)